OM OSS

Mykjemeir vart starta av treningseksperten og gründaren Yngvar Andersen kjent frå programmet Puls på NRK. Yngvar følte at dei fysiske rammene på vanlege treningssenter hindra jobben han ynskja å gjera med kundane. Derfor ville han laga sin eigne moderne gymsal der alle kunne føla seg som vinnarar og få utfolda seg maksimalt på sitt nivå, utan å måtte stå i kø.

Mykjemeir var eit av dei aller fyrste reindyrka sentera for personleg trening i Norge og var tidleg ute med endringar som har prega bransjen dei siste åra. I staden for overfylte treningsrom med store treningsapparat, satsa Yngvar på lyse, intime lokalar med opne områder, sklimatter, tjukkas, turnringar og enkle hjelpemiddel. Yngvar sin ambisjon om at alle som jobbar på Mykjemeir skal gleda seg til å gå på jobb, har vore med på å skapa ein lun og hyggeleg stemning blant trenarar og kundar. Alle som trenar hjå Mykjemeir skal bli sett og føla seg heima når dei er hjå oss.

På Mykjemeir trenar alle typar mennesker. Unge og gamle, kvinner og menn, godt trente og folk som har tenkt å koma i god form. Trening hjå Mykjemeir er intens, effektiv og morosam. Me sørgjer for å gje deg utfordring uansett nivå. Slit du med å koma i gang med trening, manglar du moti¬vasjon eller treng du støtte for å nå eit spesifikt mål? Våre trenarar står klare med sin ekspertise for å hjelpa deg.

Ring oss eller send mail, så set me opp ein uforpliktande treningstime så snart som mogeleg. Me garanterar deg resultat og ei spesiell treningsoppleving.

Mykjemeir Lysaker: Tlf 67 12 12 20
E-post: Ronny@mykjemeir.no